Industrihistoria til Høyanger

TIDSLINJE

1899: Ingeniør Einar Ramsli frå Kyrkjebø og arkitekt Sigurd Lunde, sikrar seg vassrettane til Øyrevassdraget. Kapplaupet om vasskrafta i Høyangsfjorden er i gang.

1906-1915: Konsul Harald Larsen samlar og sikrar seg alle vassrettane på staden. Arbeidet med reguleringsplanar for vasskraftutbygging i gang, planen er å bygge eit elektrostålverk.   

1913: Interesseselskapet a/s Høyangfaldene vert etablert

1914: Kraftkonsesjon vert gjeven til A/S Høyangfaldene

1915: ”A/S Høyangfaldene, Norsk Aluminium Company” vert skipa. Selskapet som fekk konsesjon går inn i dette, og vert omtalt som ”Høyangfaldene”. Administrerande direktør Sigurd Kloumann er rekna for hovudmannen bak etableringa av det nye selskapet, som no satsar på produksjon av aluminium i staden for stål.

1916: Anleggsarbeidet startar med oppbygging av kraft-, fabrikk- og byanlegg. ”Høyangsfjorden” vert til ”Høyanger”. Provisorisk kraftstasjon på Hjetland kjem i drift.

1917: Første trinn i kraftutbygginga (Kraftanlegg I) inkludert Grimsosdammen og Kråkosdammen vert ferdigstilt. Den første permanente kraftstasjonen, Kraftstasjon I, vert sett i drift på fabrikkområdet på Øren i november. Aluminumsfabrikken står ferdig.

 

7.Nov (5000 m2 , første serie på 48 omnar), elektrodefabrikken startar produksjon av anodekol. På det meste i 1917 er det truleg rundt 1 350 mann på anleggsarbeid i Høyanger. Før anlegget starta var det omlag 120 innbyggarar her.

1918: Støyperiet er ferdigbygd. Første prøveproduksjon av aluminium; 22. august vert det tappa 430 kg aluminium. Grunna råstoffmangel startar ikkje normal aluminiumsproduksjon før mot slutten av 1919. Erstatningsproduksjon av jern og karbid frå mai til november.

1919: Kriseår for bedrifta, året er prega av stillstand. Det er mangel på råstoff, på sommaren og hausten er det i tillegg streik ved fabrikken. I november kjem produksjonen av aluminium i gang. Første parti aluminium på 74 tonn levert til ”Det Norske Nitridaktieselskap”, 15.des 1919.

1921: Hans Hygen vert verksdirektør, ein posisjon han sat i til 1955.


1923: På grunn av vanskelege finansielle tilhøve må produksjonselskapet tilførast ny kapital. Dei søkjer og får ny konsesjon då det vert tilført utanlandsk (amerikansk) kapital. Selskapet vert splitta til: ”A/S Høyangfaldene” som har kraftanlegga og A/S Norsk Aluminium Company, eller NACo som det frå no av offisielt vert forkorta til, står for produksjon og overtek fabrikk- og byanlegg.

1928: Oksydfabrikken står ferdig. Oksydproduksjonen baserer seg på ”Pedersen-prosessen”, utvikla av den norske professoren Harald Pedersen ved NTH i Trondheim.

1936: A/S Høyangfaldene vert oppløyst og samanslege med NACo.

1937-38: Kraftutbygging i Eriksdalen, Kraftanlegg II. Ny Kraftstasjon II i Dalen.

1939: Ny aluminiumsfabrikk (seinare nemnd som Serie B) står ferdig med Søderbergomnar. Nytt laboratorium samt det første reinseanlegget vert bygd.

1940: NACo under tysk administrasjon. Den eldste aluminiumsfabrikken (seinare nemnd som Serie A) er under ombygging til Søderberg.

1948: Røyktunnel bygd for å frakte fabrikkutsleppa opp i fjellsida.

1951-55: Utviding av Kraftanlegg II i Eriksdalen.

1957-59: Kraftanlegga til stasjonane III og IV utbygdt i Eriksdalen (hhv. Roesvatn og Norddalen)

1958: Serie C (Hall C), 44 omnar, oppstart 1. juli. Fabrikken vart påbegynt i 1956.

1962-1965: Kraftutbygging i Hovlandsvassdraget (Monsdalen) Kraftanlegg V. Ny Kraftstasjon V bygd i fjellet ved Øren.

1965: Serie C (Hall C) utvida.

1967: NACo vert trekt inn i ÅSV konsernet (A/S Årdal og Sunndal Verk).

1969: Oksydfabrikken vert nedlagt i september.

1970: Frå 1. januar 1970 er det slutt på NACo som eige selskap. NACo og Høyanger Verk vert frå no ein fullt ut integrert del av ÅSV.

1972: Eit stykkgodsstøyperi vert etablert ved Støyperiet til Høyanger Verk og produserer mellom anna felg til bilindustrien, SAAB.

1973: Slugfabrikken startar opp, produksjon av blant anna ”slugs” – utgangspunkt for tubar og boksar i aluminium.

1977: I august opnar ein ny fabrikk, Fundo Aluminium, med produksjon av aluminiumsfelg på Hjetland. Utbygging av Gautingsdalsvassdraget kjem i gang.

1978-80: Kraftutbygging for Kraftstasjon V, byggetrinn II inkl. ny Grimsosdam.

1979: Oksydfabrikken vert riven. Kraftstasjon I vert sett ut av drift.

1980: Serie A og B vert rivne. Ein ny og moderne aluminiumsfabrikk, Hall A, vert bygd opp i staden.

1981: Hall A startar opp på hausten. Røyktunnelen vert sett ut av drift, og erstatta av eit nytt reinseanlegg. 

1986: Hydro sin aluminiumsseksjon overtek ÅSV konsernet. Det nye selskapet får namnet Hydro Aluminium as.

1989: Fundo vert utskilt som eige selskap i Hydro Aluminium.

1993: Slugfabrikken vert utskilt i eige selskap; Hydroslug a.s.

1999: Hydroslug vert nedlagt. Høyanger Metallverk skil ut vedlikehaldsavdelingane, og overlet dei til KOGAS (Kværner Oil & Gas).

2000: Fundo vert oppkjøpt av Hamid Al Zayani og selskapet Aluwheel med base i Bahrain.

2001: På hausten er Fundo i realiteten konkurs, og vert berga av ei gruppe med Høyanger kommune i spissen som kjøper ut dei arabiske eigarane.

2003: ERAS (Energy Recycling AS) vert etablert, frå nyårsskiftet 2003/2004 startar dei ein fabrikk for gjenvinning av sink frå eit avfallsprodukt frå stålindustri. Eras held til i dei gamle lokala til Hydroslug.

2004: Høyanger får status som omstillingskommune.

2006: Hall C vert gradvis utfasa, lagt ned og tilslutt riven.

2009: 12. januar vert Fundo Wheels AS slått konkurs, siste produksjonsdag 12. februar.

Gunnar S. Galleriet

Byporten, Høyanger

6993 Høyanger

postmottak@hoyanger.kommune.no​

Telefon: + 47 57 71 15 00

Kontakt oss: