GUNNAR S. GUNDERSEN

Gunnar S. Gundersen (1921-1983) var ein av Noregs fremste etterkrigsmodernistar og leiande i Skandinavia innanfor den konkrete kunsten, ein non-figurativ kunst hovudsakleg basert på form og fargar. Han fekk stor betydning for utviklinga av det gjenstandslause måleriet i Noreg saman med kunstnarar som Jakob Weidemann, Gudrun Kongelf, Odd Tandberg, Lars Tiller og Anna-Eva Bergman. Desse kunstnarane var påverka av eit internasjonalt konkret måleri som hadde sett dagens lys på byrjinga av 1930-talet. Gunnar S., som han vart kalla, utvikla etter kvart eit originalt måleri som kombinerte «hard edge» med «soft edge». Bileta er prega av romkjensle og perspektiv, trass i ei tydeleg vektlegging av flata. Til grunn for eksperimenteringa til Gundersen låg ei sterk teoretisk interesse for mellom anna persepsjonspsykologi.

Gunnar S. underviste i fleire år ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim, der teori og eksperimentering var ein viktig del av undervisninga. Gunnar S. Gundersen utførte mellom anna ei rekke romutsmykkingar, både offentlege og private: saman med Gudrun Kongelf og Ludvig Eikaas fasaden på Kunstnerforbundet i Oslo, veggmåleri i Den Kemiske Fabrik Norden i Oslo (begge 1950), veggmåleri i Arne Korsmo sin villa Planetveien 12 i Oslo (1954-55) og utsmykkingar i Rikstrygdeverket (1960). Det galdt også Bytårnet skole, Moss (1961), Britannia Hotell i Trondheim (1963), Brage-Fram-bygget (1968) i Vika, Oslo, Jotun Fabrikker i Sandefjord (1970), Høyenhall skole, Oslo (1972), Laboratoriebygget og Ullevål sykehus (1979).

Gunnar S. Galleriet

Byporten, Høyanger

6993 Høyanger

postmottak@hoyanger.kommune.no​

Telefon: + 47 57 71 15 00

Kontakt oss: