BYPORTEN, HØYANGER

Byporten i Høyanger ønskjer deg velkommen ved innkøyringa til sentrumsområdet. Med sin raude farge, strekk ho seg over vegen og skapar ein portal mellom dei to på kvar sin side av vegen. Utsikta mot Høyanger Kyrkje, som tronar i andre enden av hovedgata i tettstaden, understreker byplanlegginga som blei gjort tidleg på 1900-talet. Bygget blei oppført samtidig som vegen til Noreide blei opna, og markerte dermed ei ny tid, med eit sentrum som var knytta til resten av verden også gjennom veg og ikkje berre vatn. 

Sjølva husa i Byporten er over to etasjar, med kjellar og loft i tillegg. Kledninga på huset er raud, med liggande kledning og smårutete vindauge. Utsjånaden på bygget har blitt verna om i ombygginga av husa til bruk som galleri og museum. 

Opprinnelig blei husa nytta til bustad, med åtte utleigeleiligheter, fire i kvart hus.  Bygga av NaCo, eigaren av aluminiumsfabrikken i tettstaden, var Byporten tekna av ingenør Carl Frederick Borch Kloumann.. Høyanger kommune tok over bygget i 1990, opna Industristadmuseet i 1997 og Gunnar S. Galleriet i 2018. 

Folkets Hus og Byporten 16. juni 1933. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Byporten, 1970-talet. Bilete: HIM

Byporten, 2015. Bilete: Stian Heggelund

Bytorget med byporten og arbeidrmonumentet «Han, Hun og Vann» av Kristian Blystad, sommaren 2015 (Foto: Stian N. Heggelund)

Gunnar S. Galleriet

Byporten, Høyanger

6993 Høyanger

postmottak@hoyanger.kommune.no​

Telefon: + 47 57 71 15 00

Kontakt oss: