

HØYANGER INDUSTRISTADMUSEUM
OPNAR etter ombygging
25. JUNI KL.17.00
Opningtider på Høyanger Industristadmuseum:
Måndag til fredag kl. 10.00 - 15.30.
Laurdag kl. 10.00- 14.00.
Inngang:
Vaksne: 50 kr
Born/skuleelev/student: gratis
Guidet omvisning i museet etter avtale, 500 kr per gruppe.
Byvandring i Høyanger tettstad etter avtale, 500 kr per gruppe.

For omvisning utanom sommarsesong, vennleg kontakt Høyanger kommune:
577 11 500 eller postmottak@hoyanger.kommune.no.

Høyanger Industristadmuseum held til i Byporten i Høyanger, Sogn og Fjordane. Museet vart offisielt opna 21/6-1997 av Einar Førde.
1. etasje viser korleis Høyanger gjekk frå å vere ei jordbruksbygd tidleg på 1900-talet, til på få år å verte ein travel industristad. Her ser ein korleis industrien utvikla seg fram mot 1990-talet.
Museet sin 2. etasje tek føre seg samfunnsutviklinga, med kvardagsliv, butilhøve, kulturliv, krig og fagrørsle. I
1. etasje vert det også vist film.