Opningstider

HISTORIER

frå Høyanger

Tekstar av Gaute Ljotebø

Soga om Høyanger

”Frå kaos til kosmos”

Av Gaute Ljotebø (utdrag frå ”Høyanger i endring – ein industristad si utvikling sett gjennom fotografiet”)

Ein av dei som såg, opplevde og erfarte heile prosessen med omveltinga og utbygginga i Høyanger var skulestyraren Sjur Dale, som vaks opp i bygda på garden Dale.

I Høyanger Samvirkelag si 30 års beretning står det to artiklar som han står bak; ”Høyanger. Høyangsfjorden i gamal og ny tid” og ”Høyangsfjorden vert Høyanger”. Han er kjent for det mykje nytta og siterte metaforen ”frå kaos til kosmos”, der han skildrar den brutale overganen frå bondesamfunn til industrisamfunn.

Det første hotellet i Høyanger vart reist på tuftene til den gamle husmannsplassen Hagen under Hjetland. Her regjerte enka «Guri i Hagen».

 

Då industrien kom til Høyanger i 1916 bygde ho saman med svigersonen Anders C. Eide opp eit hotell på staden der husa stod. Hotellet bar etter kvart hans namn, men det var Guri Hagen som reiste mesteparten av kapitalen.

Kino i 100 år

I 100 år, med korte avbrot, har det vore faste kinoframsyningar i Høyanger. I åra 1917 til 1986 var det Folkets Hus Kino som stod for drifta. Frå 1987 har kinoen vore i kommunal regi ved Høyanger Kommunale Kino. Kinoen har vore eit viktig kulturtilbod for folk på industristaden. Ikkje berre for filmopplevinga sin del, men og for sosialt samvær. Kinoen hadde si stordomstid i talet på publikum på 1940- og 1950-talet. I desse åra var det årleg frå i underkant av 40 000 til over 60 000 besøkande på kinoen årleg. 

Høyanger VGS 80 år - 1933-2013

På byrjinga av 1930-talet var det stor arbeidsløyse i Sogn og Fjordane, berre i Høyanger gjekk rundt 200 ledige. Mange av desse var ungdom i slutten av tenåra. I 1932 kom dei med krav til kommunen om tiltak for å betre tilhøva for dei unge arbeidsledige. For å bøte på problema sette den gang Kyrkjebø kommune ned ei nemnd som skulle sjå om det gjekk an å få i gang eit permanent yrkesretta skuletilbod.

Gamle Høyanger

Modellar av Arild Høyvik

I modellen frå arbeidarkvartalet på Sæbøtangen finn vi Murgården, Slottet, Folkekjøkkenet og Pendenten. I modellen av Samvirkekvartalet finn vi gamle samvirkelaget, Johan Øren sitt forretningsbygg, Kafe Nobel og Sigurd Sæbø sitt forretningsbygg. I bakgarden finn vi bakeriet og det gamle bustadhuset til familien Øren saman med nokre uthus. Gamle Folkets Hus, som låg der Samfunnshuset ligg i dag. Samt  eitt Egne Hjem hus.

"Egne Hjem"

På byrjinga av 1900-talet, vaks den såkalla Egne Hjem rørsla fram i Noreg, med formål om å skaffe arbeidarar eigne hus og hagar. I Høyanger var Egne Hjem ein vesentleg del av NACo sin strategi om å bygge eit harmonisk og velregulert industrisamfunn. NACo kjøpte tomter som vart festa bort, var med på bygginga, gav økonomisk støtte og sytte for arkitektteikningar. 

Sigurd Kloumann

Sigurd Kloumann (1879-1954) stod i spissen og reiste kapital då NACo vart etablert i 1915, og var administrerande direktør i bedrifta i åra 1915-1946. Han er i fleire samanhengar gjerne omtalt som grunnleggaren av det moderne Høyanger. Kloumann hadde sin arbeidsplass ved hovudkontoret i Oslo, men var regelmessig innom Høyanger.

Høyang-Bjørn

I gamle Høyangsfjord var det eit segn som var fortalt, om at det ein gong var ein viking med namn Høyang-Bjørn som skulle vere gravlagd her. Rundt 1870 var det to brør frå Ørengarden med namn Per og Sjur, som ville opne grava. Det blir sagt at dei to grov djupt nok til dei var borti ei steinhelle. Per Øyra, faren til Per og Sjur, jaga dei vekk før dei fekk tid til å utforske meir. Orda til Per Øyra når han jaga vekk dei to var «den dødes grav skal ligge i fred». Dei gamle i bygda trudde at  den som uroa grava, skulle få ei stridsøks mot seg.

Gunnar S. Galleriet

Byporten, Høyanger

6993 Høyanger

postmottak@hoyanger.kommune.no​

Telefon: + 47 57 71 15 00

Kontakt oss: